torsdag 10. mars 2011

Kva skal eg skrive?

Nynorsk oppgåve: Skriv ein resonnerande tekst. Valfri oppgåve: Oppgåveteksten må formulerast og godkjennast av faglærar.

No har eg tulla vekk heile norsktimen med mållaus surfing på nettet. Ikkje absolutt heile timen - innimellom har eg gjordt eit hederleg forsøk på å finne ut kva min resonnerande tekst skal handle om, men fann ikkje ei einaste sak som vakte mi interesse. Eg som elles vert så lett engasjert i alle nyhende eg får med meg! Frustrert som eg var gjekk eg inn på skulebiblioteket, og tok med meg ei utgåve av bladet "Ren mat". Der fann eg, endeleg, ei overskrift som høyrest lovande ut: "Yoghurt-suksess med Øko-rap" Sjekk ut linken(er det forresten nokon som veit korleis ein legg ut filmane direkte på bloggen no?):
http://www.youtube.com/watch?v=eOHAUvbuV4o&tracker=False

Her ser eg mogelegheiter: Reklame, miljømedvit, rolla til bonden, forbrukartrendar, meirsalspsykologi...

1 kommentar: